Hopp til innhold
X
Innhald

Eit språk blir til: 1785

H.F. Hiorthøy gir ut Physisk og Ekonomisk Beskrivelse over Gudbransdalens Provstie i Aggerhuus Stift i Norge. Boka inneheld ein tale på dialekt av bedemannen som hadde invitert til bryllaup. Typografen har vore ustø, og det er difor vanskeleg å seie sikkert kva dialekta i talen er; den er omsett til dansk same staden. 

Først publisert: 05.02.2020
Sist oppdatert: 05.02.2020