Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1797

På Ekset i Volda opnar Sivert Aarflot eit gratis «Laane-Bibliothek i Ørstens Sogn» med 104 av sine eigne bøker. Dette er truleg det første biblioteket på landsbygda i Noreg. Frå 1799 femner biblioteket også om Volda hovudsokn. Med tida blir Ivar Aasen ein av dei flittigaste brukarane av boksamlinga.
 
26.11. kunngjer Sivert Aarflot at han har opna gratis «Laane-Bibliothek i Ørstens Sogn» med 104 av sine eigne bøker på Årflot i Ørsta. Dette er truleg det første biblioteket på landsbygda i Noreg. I 1799 femner biblioteket også om Volda hovudsokn, og året etter flyttar han med familien og biblioteket til Ekset i Volda. Med tida blir Ivar Aasen ein av dei flittigaste brukarane av boksamlinga.


Sist oppdatert: 25.11.2011