Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1814

17.5. blir Grunnlova vedteken i riksforsamlinga på Eidsvold. Språk blir berre nemnt éin stad, i § 93: «Til Embeder i Staten maa allene udnævnes de norske Borgere, som bekjende sig til den evangelisk-lutterske Religion, have svoret Constitutionen og Kongen Troskab, og tale Landets Sprog».
 
4.11. blir den reviderte Grunnlova vedteken. Her blir språk nemnt i fleire paragrafar, og av politiske grunnar er det no uttrykket «det norske Sprog» som blir brukt.

15.11. prentar Tiden ei vise med førstelinja «Dei Norgjes Mæn paa Tingje stoe» på dialekt med telemarkspreg. Forfattaren er ukjend. 


Sist oppdatert: 07.02.2020