Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1849

5.1. publiserer Ivar Aasen den første trykte teksten på nynorsk, «Samtale imellem to Bønder (om Begivenhederne i Udlandet)» i Morgenbladet, som set til denne merknaden: ”Sprogformen er dannet ved Sammenstilling av flere Dialekter”.
 

2.10. blir nemninga «landsmål» brukt for første gong, i eit brev til Olaus Vullum frå Ivar Aasen. Ordet blir i 1929 erstatta med «nynorsk» (sjå 1853, 1929). Les meir om namneformene.


Sist oppdatert: 22.04.2020