Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1853

26.3. skriv sokneprest Otto Theodor Krogh på Vestnes i Romsdal i eit innlegg i Morgenbladet at han har fått kyrkjesongar og lærar Ivar Brovold i Tresfjord til å omsetje to evangelietekstar til «ægte Tresfjordsk», ein romsdalsdialekt (sjå 1868).

10.4. publiserer Knud Knudsen artikkelen «Dansk i Danmark, Norsk i Norge» i Morgenbladet (sjå 1849, 1929). Der bruker han ordet «nynorsk» om eit norsk språk som alternativet til dansk og skriv mellom anna: «Sæt at Nynorsk tiltrænger 5000 nye norske Ord, for at den kan blive for Norge omtrent hvad Dansk er for Danmark.» Fleire andre bruker ordet i same tydinga, mellom dei Vetle Vislie då han i ei litteraturhistorisk førelesingsrekkje i Bergen våren 1869 snakka om Ivar Aasens omsetjing av Fridtjovs saga frå norrønt til nynorsk, referert i Bergens Tidende 20.4.1869.

16.4. prentar Den norske Tilskuer  «Påskesalme» av Aasmund Olavsson Vinje. Dette er den første originalsalmen på landsmål, her i telemarksmål (sjå 1855).

20.6. gir Ivar Aasen ut Prøver af Landsmaalet i Norge på eige forlag. Her lanserer han grunntrekka i sin normal for landsmålet.

8.12. prentar Morgenbladet «Ei Prøva paa eit Bygdemaal», eit usignert dikt på sunnhordlandsdialekt.

Først publisert: 22.10.2009
Sist oppdatert: 22.04.2020