Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1863

28.5. daterer Aasmund Olavsson Vinje forordet i A Norseman’s Views of Britain and the British. Boka blir utgitt av William P. Nimmo i Edinburgh før 10.6.1863.

20.6. kjem Symra av Ivar Aasen ut på P. T. Mallings Forlagsboghandel.

15.12. annonserer J.W. Cappelen Diktsamling av A.O. Vinje. Boka er datert 1864 på tittelbladet, men forlaget annonserte boka 15.12.1863.

Peter Andreas Jensens Lesebog for Folkeskolen og Folkehjemmet blir som den einaste læreboka godkjend for bruk i skulen. Leseboka inneheld elleve tekstar på landsmål og dialekt. Frå no av møter i prinsippet alle skuleelevar tekstar på landsmål.


Sist oppdatert: 22.04.2020