Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1880

6.1. avviser likningsnemnda med støtte i Grunnlova kritikken frå amtmannen (sjå 1878 og 1879).

8.1. annonserer boktrykkjar Johan Wilhelm Eide i Bergens Tidende at ABC-Bok av Andreas Austlid ligg føre. Han har skipa J.W. Eides Forlag for å gi ut denne første ABC-boka på landsmål. Austlid vann ein konkurranse utlyst av Vestmannalaget om ei slik lærebok. Førsteopplaget er på 4000 eksemplar. Boka blir raskt teken i bruk mange stader og kjem i ny utgåve i 1888. 

S. G. Griggs of Chicago gir ut den første landsmålsboka omsett til engelsk, The Spell-Bound Fiddler (Den Bergtekne frå 1876) av Kristofer Janson.


Sist oppdatert: 07.08.2020