Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1881

17.6. vedtek Stortinget med 89 mot 20 røyster å løyve 1000 kroner til Det Norske Samlaget for prøveomsetjing til landsmål av ein del av Det nye testamentet. Samlaget bed Elias Blix om å omsetje Romarbrevet. Blix svarar ja under føresetnad av at Ivar Aasen hjelper til (sjå 1882, 1888 og 1889).

15.12. gir Edvard Grieg ut opus 33, 12 Vinje-melodier til dikt av A. O. Vinje, i København og Leipzig. 

20.12. melder Dagbladet at Ein Fritenkjar av Arne Garborg er utgitt i kommisjon hos Alb. Cammermeyers Forlag (sjå 1878). Dette er første boka hans på landsmål. Garborg debuterte på dansknorsk under pseudonymet Alf Buestreng i 1873. 


Sist oppdatert: 07.08.2020