Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1889

25.5. kjem prøvenummeret av det kristelege bladet Stille Stunder med Johannes A. Barstad som redaktør. Frå og med første ordinære nummer 13.7.1889 har bladet kome ut utan avbrot. Svært mange salmar blir første gongen prenta i bladet, som ein forløpar til Nynorsk Salmebok (sjå 1925). Bladet kjem framleis ut, no på Voss.
 
12.10. skriv Den 17de Mai at no er heile Det nye Testamente på landsmål trykt, i utgåver av enkeltdelar. Elias Blix, Johannes Belsheim og Matias Skard har stått for omsetjinga, med hjelp frå Ivar Aasen (sjå 1881 og 1887). Då omsetjinga er ferdig, skal Ivar Aasen ha sagt til Elias Blix: ”Hadde me fenge ei slik umsetjing paa reformasjonstidi, so hadde mangt vore annleis i Norig no, og serleg vilde det set annleis ut ved mang ei daudsseng.” I samla utgåva ligg boka føre i 1890 (sjå 1890).


Sist oppdatert: 25.11.2011