Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1895

11.5. debuterer Hulda Garborg med skodespelet Mødre hos Feilberg & Landmarks forlag. Ho debuterte på dansknorsk i 1892.

24.9. annonserer A. Garathun’s Forlagsboghandel i Kristiania i Den 17de Mai at Kari Lidi av Brita Bjørgum er komen ut. Dette er den første lengre forteljinga på landsmål skriven av ei kvinne. Boka er utgitt i kommisjon, og 5. oktober melder Den 17de Mai at boka no også er gitt ut i kommisjon av Hydle & co.s forlag i Bergen.

2.11. omtalar Rasmus Steinsvik debutboka Vers av Sven Moren i Den 17de Mai. Boka er utgitt på Alfarheim boghandels forlag i Elverum og inneheld dikt på dansknorsk og landsmål.

5.11. tek 24 menn i eit lengre stykke i Den 17de Mai til orde for å skipe Maalkassa gjennom ei kronerulling som kan finansiere nye nynorsktiltak. Blant underskrivarane er Elias Blix, Arne Garborg, Halvdan Koht, Rasmus Løland, Per Riste og Rasmus Steinsvik, som også er den som har teke initiativet til oppropet. Organisasjonen blir skipa med lokale «sysselmenn» som bindeledd mellom hovudstyre og medlemer. Medlemene skal betale ein fast sum i månaden. Steinsvik er den første formannen. Organisasjonen er ein av initiativtakarane til at Noregs Mållag blir skipa og er i drift til om lag 1930, men etter 1910 mest i namnet (sjå 1898, 19001906). 

Hans Ross gir ut Norsk Ordbog på Alb. Cammermeyers Forlag.


Sist oppdatert: 07.08.2020