Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1896

17.3. tek Marius Hægstad i Den17de Mai til orde for at ”ingen vert student utan aa hava skrivet iallfall ein av dei norske stilar til artium paa landsmaal”. Fire dagar seinare er redaktør Rasmus Steinsvik på leiarplass uviss på om det er klokt å ta eit så stort steg no. 7.4. skriv Arne Garborg i same avisa at ein må vere varsam med tiltak som kan skape meir strid mellom nordmenn og nordmenn.
 
6.6. kjem første nummeret av Vestmannen ut i Sogndal med Jens Kvále som redaktør. Avisa går inn etter 13 nummer 11.7.1896 og held fram som Ungdom. 
19.6. vedtek Odelstinget med 48 mot 35 røyster i ny lov om den høgre skulen at ”de skriftlige Opgaver kan affattes saavel paa Landsmaalet som paa det almindelige Bogmaal”. 10.7. vedtek Lagtinget det same med 20 mot 9 røyster. Lova blir sanksjonert 27.7.
 
12.7. blir Noregs Ungdomslag skipa i Trondheim av 18 representantar frå 7 fylkeslag med Peter Slotsvik som første formannen.
18.7. kjem første nummeret av Ungdom ut i Sogndal med Jens Kvále som redaktør. Avisa er eit framhald av Vestmannen. Siste nummeret kjem 27.9.1901. Avisa held fram i Sygna.
 
13.8. prentar Den 17de Mai ”Barndomsminne” (Å, eg veit meg eit land) av Elias Blix, som Adolf Thomsen seinare set tone til (sjå 1901).
 
23.9. døyr Ivar Aasen.
 
29.9. blir Ivar Aasen jordfesta på Vår Frelsers Gravlund i Kristiania. Då dødsbuet blir gjort opp, viser det seg at han etterlet seg ein formue på kr 31 073,20 i kontantar. Dette svarar til 1,9 mill. kr i dagens verdi.


Sist oppdatert: 28.08.2014