Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1898

4.1. kjem første nummeret av Næmingen ut på Svorkmo med K.M. Elda som redaktør. Siste nummeret kjem i 1906 (sjå 1891, 1919, 1926).

3.6. debuterer Lars Eskeland med diktsamlinga Vaarkjenning på Bertrand Jensens forlag.

1.9. opnar Den Norske Marknaden i Tivoli-komplekset i Kristiania under leiing av Julius Werner, Halvdan Koht (kasserar), Kaja Bruun, Hulda Garborg, Magnus Hydle og Otto Valstad, i regi av Maalkassa (sjå 1895). Dei held det gåande i 18 dagar med denne første store mønstringa av norsk folkekultur i hovudstaden. Overskotet på 20 450 kroner (godt og vel 1,5 millionar i 2019-verdi) blir mellom anna brukt til å skipe Bondeungdomslaget i Oslo, Det norske Spellaget og å drive Norskt Maalkontor frå 1900 (sjå 1900). Med dette får målrørsla for første gong eit sekretariat. Mellom 1902 og 1911 blir målmarknader også arrangerte i Lillehammer, Bergen, Ålesund og Trondheim.

Henrik Angell debuterer med forteljinga Svartfjell-Sønerne på H. Aschehoug & Co. 

Først publisert: 07.08.2020
Sist oppdatert: 07.08.2020