Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1902

3.1.1902 kjem første nummeret av Vestlandet ut i Bergen med Anders Hauge som redaktør. Siste nummeret kjem 7.1.1903. 

7.3. held Hulda Garborg den første folkedansframsyninga, under ein marknad i Kristiania.

5.5. vedtek Det Norske Samlaget å dele verksemda si i eit bymålslag og eit landsmålslag.

8.11. melder Den 17de Mai at det er skipa eit kvinnemållag i Vefsn etter initiativ frå Dina Kulstad. Laget skal fremje målsaka i bygda ved å arbeide om lag som misjonsforeiningane, med opplesing og basar. Om lag 20 kvinner er med.

Hulda Garborg gir ut Songdansen i Nordlandi på H. Aschehoug & Co. Med dette hentar ho heim att den tradisjonsrike folkeviseleiken.

10.12. melder Nordenfjeldsk Tidende at Noregs Ungdomslag og Skuleboknemnda åt Studentmållaget i Kristiania har gått saman om serien Norske Folkeskrifter. I arbeidsnemnda for serien sit Nikolaus Gjelsvik, Idar Handagard, Halvdan Koht og Nikolai Lundegaard. Dei fire første hefta kjem ut i desember 1902, og i alt kjem det 96 hefte i serien fram til 1964. Alt i 1914 er 62 hefte trykte i eit samla opplag på 313 000 eksemplar. Enkelte hefte blir prenta i svært store opplag, som Friman Korens Alkoholen og helsa, spreidd i minst 32 000 eksemplar. Det samla opplaget for alle hefta ligg truleg nær 500 000 eksemplar.

17 år gamle Johan Falkberget debuterer med forteljinga Naar livskvelden kjem hos Amneus’ bokhandel på Røros. Han debuterte på bokmål med ein føljetong i 1901, men denne blei ikkje gitt ut separat. 

Først publisert: 22.10.2009
Sist oppdatert: 07.08.2020