Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1903

31.3. blir Peter Hognestad utnemnd til stiftskapellan i Kristiania. Sjølv om Kyrkjedepartementet til tider strittar imot, held Hognestad alle sine preiker på landsmål. Den første preika i embetet held han i Garnisonskyrkja 18.10.
 
1.4.1903 går Sogns Tidende i Lærdal over til å bli redigert på nynorsk etter å ha kome ut sidan 1878. Siste nummeret kjem 17.1.1947, og Sogns Tidende held fram i avisa Sogn og Fjordane. 
 
26.9. gir Paul M. Gjærder ut første nummeret av Myllarguten i Volda, ein serie hefte med eldre og nyare tradisjonsmusikk frå Vestlandet, redigert på landsmål. I alt kjem fem hefte fram til 18.2.1905 (sjå 1910).
 
Oskar Braaten debuterer med novella Dømd.
 
Hausten blir Pønskarlaget skipa i Kristiania, eit samtalelag og uformelt nettverk for nynorsk intelligentsia. Laget går truleg inn i 1923.
 
Skodespelet Fossegrimen av Sigurd Eldegard kjem ut på H. Aschehoug & Co.


Sist oppdatert: 19.08.2014