Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1904

17.5. held Edvard Os russetalen på landsmål ved Wergelandsstøtta i Kristiania; riksmålsruss prøver å hindre han ved å okkupere talarstolen.
 

30.11. melder Nordenfjeldsk Tidende at det første juleheftet på landsmål for vaksne, Jolekvelden, no ligg føre. Halvdan Koht er redaktør, og siste nummeret kjem i 1907. 

3.12. kjem første nummeret av Gula Tidend med Johannes Lavik som redaktør. Avisa er dagsavis 1914–1940 og går inn 1996 (sjå 19051996).
 
4.12. prentar Norsk Barneblad ”Kveldsong” (Fager kveldsol smiler), omsett frå tysk av Peter Hognestad.

Marius Hægstad gir ut Norsk maalsoga for skule og heim i serien Norske folkeskrifter.


Sist oppdatert: 07.08.2020