Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1905

27.1. blir LL Gula Tidend skipa med Johan Berentsen som første formannen, men før året er omme, har Eirik Hirth teke over (sjå 1904).
 
29.1. set Nationaltheatret opp første stykket sitt på landsmål, Fossegrimen av Sigurd Eldegard, med musikk av Johan Halvorsen (sjå 1903). Fram til 1910 blir stykket vist 180 gonger på denne scena og på Den Nationale Scene i Bergen.
 
7.12. blir det i alle kyrkjer halde takkefest for unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet har bestemt at fedrelandssalmen ”Gud signe vårt dyre fedreland” skal vere ein av salmane (sjå  1890, 1906).
 
Kristofer Uppdal debuterer med Kvæde på Olaf Norlis Forlag.
 
Gula Tidend gir ut første boka si: Fyrste akten ot Kaupmannen i Venezia av William Shakespeare, omsett av Edv. G. Johannessen.
 
I januar set Nationaltheatret opp første stykket sitt på landsmål, Fossegrimen av Sigurd Eldegard, med musikk av Johan Halvorsen (sjå 1903). Fram til 1910 blir stykket vist 180 gonger på denne scena og på Den Nationale Scene i Bergen.


Sist oppdatert: 01.01.2012