Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1906

I januar programfestar Arbeiderdemokratene som det første partiet målsaka.
 
15.1. blir det halde eit rådleggingsmøte på Norsk Målkontor i Kristiania. Møtet konkluderer med å kalle inn til eit målmannsstemne for heile landet i Kristiania. Arne Garborg blir beden om å skrive invitasjonen.
 
16.1. prentar Den 17de Mai invitasjonen til målmannsstemnet, underskriven av 35 stortingsrepresentantar – 27 frå Venstre, 6 frå Moderate Venstre og 2 frå Arbeidarpartiet.
 
4.2. kl. 17.00 opnar målmannsstemnet med 131 utsendingar frå 55 lag og organisasjonar i Turnhallen i Kristiania.
 
5.2. mellom 01.00 og 02.00 blir Noregs Mållag skipa etter vedtak på målmannsstemnet, og Marius Hægstad blir vald som første formannen. Skipinga skjer dagen før Venstre samlar seg til landsmøte.
 
22.6. blir fedrelandssalmen ”Gud signe vårt dyre fedreland” av Elias Blix sungen under kroninga av kong Haakon 7 i Nidarosdomen i Trondheim (sjå 1890, 1905).
 
I september kjem Songbok for sundagsskule og uppbyggjingsmøte redigert av Bernt Støylen, med m.a. førsteutgåva av hans eige bordvers ”Gud signe maten”. Boka kjem ut på Norsk søndagsskoleforbunds forlag og inneheld 261 songar og salmar.
 
Erik Gunleikson opnar bokhandel i Risør (sjå 1912). Drifta stansar i 1938.
 
Fire sokn i Bygland vedtek å ta i bruk Hognestads liturgi før dette er lovleg (sjå 1900 og 1907). Presten i Bygland heiter Ivar Aartun.


Sist oppdatert: 22.10.2009