Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1907

28.1. prentar Den 17de Mai eit innlegg av Bernt A. Støylen der han oppmodar til ein nasjonal dugnad for å samle inn barnerim og barneleikar. To år etter kjem resultatet i boka Norske barnerim og leikar, som inneheld 468 rim og 85 melodiar.
 
Om vinteren skriv Anders Hovden ”Fagert er landet”, som kjem på prent i Solhòv same året.
 
7.4. blir Norsk Riksmaalsforening skipa i Kristiania med Bjørnstjerne Bjørnson som første formannen. Namnet blir endra til Norsk Riksmaalsforbund i 1909.
 
23.4. vedtek Odelstinget samrøystes eit tillegg til lov om stiftskapellanar at ein av stiftskapellanane i Oslo ”fortrinsvis anvendes til at forkynde Guds ord paa det norske landsmaal” og at han også kan gjere teneste utanfor stiftet (sjå 1903). 13.5. sluttar Lagtinget seg samrøystes til. Seinare blir ordninga utvida.
 
25.4. vedtek Odelstinget med 62 mot 30 røyster at elevar skal skrive ein stil på sidemålet til examen artium. I Høgre røystar 13 for og 18 mot. 13.5. vedtek Lagtinget samrøystes det same. Lova blir sanksjonert 24.5. og gjord gjeldande frå 1912.
 
15.9. blir det i Slottskapellet for første gong halde nynorsk gudsteneste. Kong Haakon har vist stor velvilje, og ordninga blir fast.
 
28.10. godkjenner statsråd Abraham Berge ved kongeleg resolusjon Hognestads Tekstbok og altarbok for Den norske Kyrkja (sjå 1900, 1907), men boka skal berre brukast ”hvor presten (presterne) til enhver tid ser sig i stand til at præke paa landsmaal” (sjå 1915). Boka kjem ut i mars 1908 på Salmebokforlaget. Då har Bygland i Setesdal alt brukt bøkene eitt år.
 
Livsforsikringsselskapet Andvake blir skipa og får mykje å seie for nynorsk som eit godt forretningsspråk. Selskapet blir skipa på ny i 1917 med ein aksjekapital på 300 000 kroner.
 
Olav Duun debuterer med Løglege skruvar og anna folk på Olaf Norlis Forlag.
 
Songbok aat ungdomslag, redigert av Sven Moren, blir utgitt av Norsk maalkontor. Den 7. (og siste) utgåva kjem i 1950.
 
Det Norske Samlaget gir ut første boka i serien ”Norrøne bokverk”, Soga um Volsungarne, omsett av Torleiv Hannaas. I tiåra som følgjer, gir forlaget ut godt over hundre titlar i seks ulike seriar med omsette klassiske skrifter.
 
Lunde & Co i Bergen gir ut den første boka på landsmål, preikesamlinga Ordet um krossen. Fram til 1922 sel forlaget om lag 300 000 bøker på landsmål.
 
Lars Søraas d.e. publiserer den tonen som gjer ”Den fyrste song” av Per Sivle til ein kjær folkesong (sjå 1877).


Sist oppdatert: 22.10.2009