Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1908

6.1. vedtek regjeringa Løvland ei fornorsking av namn på kommunar og kyrkjesokn i Nordland og Troms (sjå 1900).

4.3. prentar Den17de Mai den første statistikken av Peder E. Hovdan om bruk av nynorsk, om Blix-salmane.

29.3. blir den nynorske altarboka for første gong brukt, ved gudstenesta i Slottskapellet.

I april debuterer Tore Ørjasæter med diktsamlinga Ættar-arv på Olaf Norlis forlag.

1.4. går Hordaland på Voss over til å bli redigert på nynorsk etter å ha kome ut sidan 1883. 

Om våren tek Olav Midttun over som redaktør av Syn og Segn i eit vikariat for Halvdan Koht. Midttun sit som redaktør i 51 år, til og med 1960-årgangen.

5.5. vedtek regjeringa at studentane kan velje mellom riksmål og landsmål i oppgåvesvara sine ved universitetseksamen. Med dette er landsmål innført i heile skuleverket.

8.9. prentar Den 17de Mai diktet ”Vestland” av Tore Ørjasæter, skrive i Geiranger sommaren same året. I 1911 komponerer Sigurd Førsund melodien til diktet som i dag er kjend som ”Å Vestland, Vestland”.

15.11. debuterer Idar Handagard med diktsamlinga Livsens leik på J.W. Cappelens forlag. Han debuterte på dansknorsk i 1900 med ei songbok (sjå 1905). 

Hovdan gir ut første utgåva av Målkartet. Dei kommunane som bruker landsmål, blir farga raude. Han lagar nye utgåver av dette kartet i 1920 og 1948.

Olav Sletto debuterer med Dei gamle på Olaf Norlis Forlag.

Anton Aure debuterer med Lauv og Lyng, ei samling dikt og forteljingar, hos E.K. Hansens prenteverk i Molde (sjå 1916).


Sist oppdatert: 07.08.2020