Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1909

12.2. annonserer H. Aschehoug & Co. i Dagbladet at Steinar Schjøtts Dansk-norsk Ordbog er komplett og til sals i alle bokhandlar. Arne Garborg melder boka i avisa 7.3. og 9.3.1909.

8.1. kjem første nummeret av Rygja Tidend ut i Stavanger med Einride Tveito som redaktør, eter prøvenummer 18.11.1908. Siste nummeret kjem 20.12.1918. 

28.2. held stortingsrepresentant Lasse Trædal (V) frå Nordre Bergenhus amt (Sogn og Fjordane) eit innlegg i Stortinget om løner for statsrådar. Stortingsreferentane skriv ut innlegget på dansk-norsk, men Trædal rettar det til landsmål. Frå då av rettar han seg sjølv til landsmål i alle referata frå debattane i Stortinget.

9.7. kjem første nummeret av Bonden ut på Gjøvik med Halfdan Asphaug som redaktør. Siste nummeret kjem 26.1.1922, og avisa held fram i Austland (sjå 1922). 

27.11. går det første toget på Bergensbanen. Då toget kjem til Voss denne laurdagskvelden, er over 2000 menneske samla på stasjonen. Ordførar Nils J. Finne opnar helsingstalen sin på landsmål med orda ”Herre Konge!” og er truleg den første som taler på landsmål til kong Haakon 7 (sjå 1913). 

1.12. debuterer Torgeir Bjørnaraa med forteljingane Kring aaren på J. Aass’ forlag.

2.12. kjem første nummeret av avisa Norig i Skien ut med Olav Eide som redaktør. Avisa blir dagsavis 1.6.1917. Siste nummeret kjem 5.9.1933, og avisa held fram i Telemark Dagblad (sjå 1933).



Sist oppdatert: 07.08.2020