Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1912

6.1. kjem første nummer av vekebladet For Bygd og By med Kristofer Uppdal som første redaktør og Gudveig Høyem som utgivar. Olaf Norli tek over drifta året etter, og siste nummer kjem i 1932. 

6.1. kjem første nummeret av skjemtebladet Tyrihans kjem ut med Gudveig Høyem som redaktør og utgivar. Etter kort opphald kjem bladet ut att under namnet Peik i 1913 og held det gåande til 1918.
 
28.1. utløyser støtte til landsmålet regjeringskrise. Statsminister Wollert Konow er på fest i BUL Oslo, og etter ein tale til statsministeren av Marius Hægstad svarar Konow med å hylle målsaka som ”den sak, som sterkest har båret det norske folk frem i det sidste halve hundreår”. Aviser som Tidens Tegn reagerer sterkt, likeins Høgre.
 
16.2. går regjeringa Konow av som følgje av usemje om landsmålet.

24.10. annonserer Erik Gunleiksons Forlag i mellom anna Tiden og Morgenbladet for to av dei første bøkene frå forlaget – forteljinga Stormvarsel av August Steinhamar og skodespelet Vigleik av Gunnar Rysstad.

22.11. blir L/L Det Norske Teatret skipa i Møllerg. 20 i Kristiania med Hulda Garborg som første formann og Rasmus Rasmussen som første teatersjef. Eit førebuande møte 5.11. har laga framlegg til lover, og aksjekapitalen er på 21 000 kr (sjå 18911897189818991910191119121913).

7.12. annonserer Ungdomsbladet for debutboka av Sofie Enoksen, Opgjør. Spel i ei vending for ungdomslag. Boka er utgitt under pseudonymet Sapfo hos Ungdomsbladet i Kabelvåg.

15.12. annonserer Jacob Dybwads Forlag for Knut Liestøl og Moltke Moe: Norske folkevisor fraa millomalderen. «Samtidig udkommer ogsaa en riksmaalsudgave.»

30.12. publiserer bladet Bonden songen «Jolekveld» («Kaldt og mørkt og lite sol») av Laurits F. Hov. Anders Hove skriv melodien, som Norsk Toneblad publiserer i november 1913.

Ragnvald Vaage debuterer med diktsamlinga Liv som strir på Olaf Norlis forlag. 

Det første kullet frå eit privat landsmålsgymnas, Voss med Leiv Heggstad som rektor, er ferdig utdanna. Året etter kjem det første kullet frå ein tilsvarande privatskule i Volda.

 

Først publisert: 22.10.2009
Sist oppdatert: 07.08.2020