Innhald
Eit språk blir til: 1914
15.1. søkjer Det Norske Teatret staten om 300 000 kr frå ei planlagd utviding av Pengelotteriet til nybygg i Kristiania (sjå 1916, 1985).
27.2. blir Landsbanken skipa i Bergen med Cornelius B. Bugge som første styreformannen, med landsmål som forretningsspråk og ein aksjekapital på 600 000 kr.
4.3.1914 kjem første nummeret av Bondebladet ut på Voss med Knut Lydvo ofl. som redaktør. Siste nummeret kjem 6.12.1935.
29.7. held biskop Bernt A. Støylen den første bispepreika på landsmål, i Kristiansand domkyrkje.
Steinar Schjøtt gir ut Norsk Ordbok på Det Norske Samlaget.
Sist oppdatert: 20.08.2014