Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1916

30.3. har Bernt A. Støylen ferdig utkast til ny altarbok, på oppdrag frå Kyrkjedepartementet (sjå 1920).
 
12.4. kunngjer styret i Midthordlands Dampskibsselskab ordensreglar på landsmål.
I juni kjøper Det Norske Teatret Rosenkrantz g. 9 og 9B og Kristian IV g. 4 av teaterdirektør Johan Fahlström til tomt for nybygg. Kjøpet blir finansiert med lån frå ungdomslaga i Bergen. Seinare betaler teatret attende lånet med midlar frå Pengelotteriet (sjå 1914, 1918, 1985).
 
25.6. vedtek Sogn og Fjordane fylkesting å be kommunestyra avgjere om ruteheftet for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane skal prentast på landsmål.
5.7. vedtek Stortinget å løyve 300 000 kr frå overskotet av Pengelotteriet til nybygg for Det Norske Teatret i tråd med søknad frå teatret i 1914 (sjå 1914, 1918, 1985).
 
8.10. blir Østlandsk Reisning skipa på Jessheim med Eivind Berggrav-Jensen som første formannen. På det meste har organisasjonen 10 000 medlemmer. Organisasjonen går over i Østlandsk Ungdomsfylking i 1926 og går ut or soga seks år seinare.
 
22.10. kjem første nummeret av Norsk Barneblad som Andreas Haavoll har ansvaret for (sjå 1887). Haavoll har denne stillinga i 40 år, til Johannes Farestveit tek over i 1956.
 
4.11. presenterer styreleiar og arkitekt Kristen Tobias Rivertz planar og teikningar for nybygg for Det Norske Teatret i Kristian IV g. 4 i Kristiania. Teatersalen skal ha plass til 750 gjester (sjå 1914, 1918, 1985).
 
Det Norske Bibelselskap ønskjer ikkje å stå for ei landsmålsutgåve av heile Bibelen, og Studentmållaget i Oslo set ned ei bibelnemnd for å gjere arbeidet sjølv (sjå 1921).
 
Som det første offentlege landsgymnaset opnar Voss offentlege landsgymnas. Sidan 1910 har det vore private gymnasklassar på Voss og i Volda (sjå 1912).
 
Olav Aukrust debuterer med Himmelvarden på Alb. Cammermeyers Forlag.
 
Nynorsk boklista. Skrifter i bokform paa norsk -- bygdemaal og landsmaal -- 1646--1915 av Anton Aure kjem ut på Olaf Norlis Forlag. Bibliografien blir ført vidare til 1935 av Aure saman med Olav Dalgard og Arne Gallis; fjerde bandet kjem i 1942.


Sist oppdatert: 01.01.2012