Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1921

5.1. skiftar avisa Firda i Førde i Sunnfjord frå riksmål til landsmål som redaksjonsspråk. Avisa var blitt stifta i 1917. Stabilt redigert på nynorsk blir avisa likevel først frå 3.1.1925. Dette er i dag den største nynorske dagsavisa.
 
25.1. får Arne Garborg ei folkegåve på 104 000 kroner – og ein hest – som medlemmene i Noregs Ungdomslag hadde samla inn. Summen svarar til to tredelar av Nobelprisen i litteratur.
 
10.2. skriv Peter Hognestad, Anders Hovden og Bernt A. Støylen avtale med Det Norske Samlaget om å lage Nynorsk Salmebok (sjå 1925).
 
24.4. held Marta Steinsvik preike ved ein aftensang i Grønland kyrkje i Kristiania. Aldri før hadde ei kvinne stått på nokon preikestol her i landet og forretta under sjølve gudstenesta.
 
10.7. bruker biskop Peter Hognestad Bibelen på landsmål ved festgudsteneste for 25-årsjubileet til Noregs Ungdomslag i Nidarosdomen. Det er første gongen Bibelen blir nytta. Denne såkalla Fyrebilsbibelen er utgitt av Bibelnemnda åt Studentmållaget i Oslo med ein kostnad på 200 000 kroner (sjå 1916). Peter Hognestad har vore leiar for arbeidet med Gustav Indrebø som ansvarleg for språkføringa, men det er Alexander Seippel som har omsett to tredelar. Før året er omme, er 11 626 eksemplar selde, og heile førsteopplaget på 50 000 eksemplar er utselt etter ni år (sjå 1930). I det 20. hundreåret blir det selt 1,4 millionar eksemplar av Bibelen og Det nye testamentet på nynorsk. Av nynorskbøker er berre Nynorsk ordliste kjøpt av fleire (sjå 1938).
 
15.7. er den første komplette utgåva Bibelen på landsmål i vanleg sal. Opplaget er på 50 000 eksemplar, fordelt på 40 000 i ei folkeutgåve og 10 000 i ei finare utgåve trykt på indiapapir (sjå 1921, 1930, 1935 og 1938).
 
29.7. gjer Voss kommunestyre som den første kommunen vedtak om kva målform kommunen ønskjer i skriv frå statsorgan (sjå 1924). Vedtaket blir gjort med 17 mot fire røyster. Tolv år seinare bruker kvar tredje kommune nynorsk overfor staten.
 
1.9. opnar Den norske millomskulen med 25 elevar i Bergen og med Anders Thuen Seim som styrar. Grunnlaget er eit initiativ frå Vestlandske Mållag i 1919. Skulen blir driven med nynorsk som administrasjonsspråk. I 1950 tok Hordaland fylkeskommune over det som no fekk namnet Hordaland fylkeskommunale gymnas.
 
3.10.1921 kjem første nummeret av Sunnmøre ut i Volda, som framhald av Søndmøre Avis. Siste nummeret kjem 31.3.1926. 
 
15.10. opnar Oslo Nye Sparebank blir skipa med O. Haraldseth som første formann.  Banken opnar 15.10. og går inn i Vestlandsbanken kring 1975.
 
For første gong blir møteboka for eit fylkesting, Møre, ført på landsmål.


Sist oppdatert: 16.07.2018