Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1925

1.1. skiftar Kristiania namn til Oslo (sjå 1924).
 
3.1 godkjenner landsmøtet i Noregs Mållag Solfuglen, teikna av Carsten Lien, som varemerke for forretningstiltaka i norskdomsrørsla, til dømes kaffistovene og bondeheimane, etter at landsmøtet i Noregs Ungdomslag godkjende merket året før.
 
8.1.1925 kjem første nummeret av Bygdebladet ut i Naustdal med Arne Sølvberg som redaktør. Siste nummeret kjem 14.5.1929.
 
20.1. fastset Forsvarsdepartementet dei første reglane for bruk av landsmål på visse ekserserplassar o.l.
 
3.2. er utkastet til Nynorsk Salmebok ferdig med 711 salmar. Peter Hognestad, Anders Hovden og Bernt Støylen har arbeidd med boka sidan 1921 etter initiativ frå styret i Det Norske Samlaget (sjå 1921). Boka er ferdig trykt i juni.
 
12.2. vedtek styret i Møre fylkes ruteselskap mot to røyster at skiltinga om bord i båtane skal vere på nynorsk, og at rutehefte m.m. skal kome på nynorsk etter kvart.
 
13.2. fastset regjeringa Mowinckel at fylkesmennene skal svare på landsmål når dei har fått brev på landsmål.
 
1.4. stiller regjeringa Mowinckel kabinettspørsmål då Stortinget drøftar målform på oppslag på jernbanestasjonar og om bord i toga. Opposisjonen vil overlate val av målform til dei aktuelle kommunane. Fire ulike framlegg kjem til votering, og alle fell.
 
17.5. blir jakkemerke med Solfuglen lagde ut for sal, og 80 000 nåler blir raskt utselde.
 
20.5. fastset poststyret reglar for språkform på oppslag.
 
30.6. handsamar Odelstinget framlegg til lov om Svalbard. Regjeringa Mowinckel har lagt fram lovutkastet på landsmål. Etter fleire rundar vedtek Odelstinget til slutt med 56 mot 53 røyster at lova skal vere på bokmål.
 
1.9.1925 kjem første nummeret av Vossingen ut på Voss med Th. Bernhoft-Osa som redaktør. Siste nummeret kjem 27.3.1929.
 
20.10. vedtek Norges Presteforening at Nynorsk Salmebok berre bør godkjennast som tillegg til ei anna salmebok.
 
15.11. innfører kyrkjelyden ved Nesland kyrkje i Telemark som den første Nynorsk Salmebok, ein månad før slik bruk er godkjend.
 
18.12. fastset statsråd Ivar Tveiten at Nynorsk Salmebok er godkjend til bruk i kyrkjene.


Sist oppdatert: 20.08.2014