Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1928

2.1. går Grømstadposten i Grimstad over til å bli redigert på nynorsk etter å ha kome ut sidan 1884. Frå årsskiftet 1930/31 blir avisa igjen redigert på bokmål.

5.1. kjem første nummeret av Det nye Møre Tidend ut i Ålesund med Hans B. Osnes og O. Gjærder som redaktørar (sjå 1917). Siste nummeret kjem 8.4.1932. Avisa held fram som Sunnmøre Tidend (sjå 1932).

25.8. debuterer Knut Gjengedal med romanen Guten fraa einsemda hos R. Søreide’s prenteverk på Sandane.

7.9. går Folketanken i Risør over til å bli redigert på landsmål og er det formelt til 11.10.1934. Avisa har kome ut sidan 1888 og er i røynda redigert tospråkleg. Avisa går inn i 1945.

20.10. blir Norsk Måldyrkingslag (Akademi for det norske målet) skipa av Det Norske Samlaget, Noregs Mållag, Norsk Bladmannalag, Norsk Bokmannslag og Studentmållaget i Oslo, med Lars Eskeland som første formannen (sjå 1922).

Sakarias Ansok debuterer med forteljinga Skogsetgrenda på eige forlag, Liabygda. 


Sist oppdatert: 10.08.2020