Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1936

24.4.1936 kjem første nummeret av Sogn og Fjordane ut på Hermansverk med Ivar Tveit som redaktør. Avisa er eit framhald av Sogn og går inn i 1993.

27.5. melder Norsk Tidend at Noregs Lydarlag er skipa som eit særlag i Noregs Mållag. Dette blir ei opptakt til Kringkastingsringen (sjå 1955).

10.8. kjem første nummeret av Romsdal Bondeblad ut i Molde med Harald E. Bø som redaktør. Siste nummeret kjem 8.4.1937.

2.10. gir Jon Fatnes ut første nummer av Hallingdølen på Ål i Hallingdal.

20.10. blir det første møtet i Norsk Målførearkiv halde ved Universitetet i Oslo. Sigurd Kolsrud hadde alt i 1914 nemnt tanken om å få skipa eit slikt arkiv, no er dei første midlane løyvde, og han sit i det første styret saman med Magnus Olsen og Didrik Arup Seip. I første omgang disponerer arkivet rom i Akersgt. 42.

20.11. kjem første nummeret av Gjallarhorn ut i Førde. Siste nummeret kjem 24.4.1940.



Sist oppdatert: 07.08.2020