Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1938

7.1. fastset regjeringa Nygaardsvold i kongeleg resolusjon nye rettskrivingsreglar for nynorsk og bokmål.
 
16.7. kjem første teikneseriestripa med Smørbukk i Norsk Barneblad, teikna av Jens R. Nilssen. Serien får fast plass på baksida av bladet i mange tiår.  
 
18.8. melder Norsk Tidend at den nye utgåva av Bibelen på nynorsk er ferdig trykt i eit samla opplag på 30 000 eksemplar. Biskop Ragnvald Indrebø har sidan hausten 1935 arbeidd med den språklege revisjonen av utgåva frå 1921, og den nye utgåva blir gjerne kalla Indrebøbibelen. Publikum kan velje mellom seks versjonar, tre på vanleg papir og tre på indiapapir (sjå 1921, 1930, 1935).
 
25.9. tek Gustav Indrebø på eit møte av målfolk i Bergen til orde for å skipe Aasen-ringen som skal vere ein møtestad for dei som vil følgje ei rettskriving nærast råd Aasens normal. Aasen-ringen blir formelt skipa i november same året med Lars Eskeland som første formann.
 
29.9. melder Norsk Tidend at Det Norske Samlaget om nokre dagar gir ut Nynorsk ordliste. Boka med bort imot 20 000 oppslagsord er redigert av Einar Breidsvoll og Knut Liestøl og følgjer den rettskrivingsnormalen som regjeringa Nygaardsvold fastsette i januar 1938. Med åra blir dette det mest brukte nynorske oppslagsverket. Alv Hellevik tek over ordlistearbeidet frå 1959. Det samla salet av ordlista passerer to millionar eksemplar i 1993.
 
I oktober går Akres trio med vokalist Torgeir Audunsson i studio og spelar inn ”Vestlandsvalsen” til tekst av Jakob Sande og melodi av Audunsson. Med den songen hadde Sande vunne ein songkonkurranse som BUL lyste ut i 1937 eller 1938. Dette blir den første nynorske populærslageren.
 
9.12.1938 kjem første nummeret av Sogn Folkeblad ut på Leikanger med Oskar Andersen som redaktør. Siste nummeret kjem 30.11.1965. Avisa held fram som Sogn Dagblad.
 
21.12. løyver Ørsta kommune 1000 kroner til eit eldfast bygg i Aasen-tunet. Grunnlaget er ein udatert søknad frå Jon Aasen om midlar frå kommunen og staten til dette (sjå 1939, 1940 og 1946).
 
28.12 oppmodar målfolk samla til møte i Bergen Vestmannalaget om å skipe eit forlag som gir ut bøker i ei målform som ligg nærast råd Aasens normal. Ideen var tidlegare lagd fram av Gustav Indrebø (sjå 1939).
 
Alf Prøysen får trykt novella ”Skolissene” i Kooperatøren. Dette er første gongen han skriv på nynorsk offentleg.


Sist oppdatert: 27.08.2014