Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1939

24.3. kjem første nummeret av avisa Folgefonn ut i Uskedal med Thor Myklebust som redaktør. Siste nummeret kjem 24.1.1941.

13.6. rår fleirtalet i universitets- og fagskulenemnda i Stortinget til å løyve midlar til eit Aasen-rom ved Sunnmøre Museum i Ålesund. Berre Ola Solberg (Ap) stør framlegget frå regjeringa Nygaardsvold om å løyve 10 000 kroner til eldfast bygg i Aasen-tunet (sjå 1938, 1940, 1946 og 2014).

11.11. syner Det Norske Teatret for første gong eit stykke av Bjørnstjerne Bjørnson på nynorsk: ”Mellom slaga”.

1.12. kjem første nummeret av Bygdebladet ut i Skånevik med Sverre Tveito som redaktør. Siste nummeret kjem 24.5.1942.

Norsk Bokreidingslag L/L blir skipa i Bergen med Tjodvald Gjelsvik som første formannen.


Sist oppdatert: 09.03.2017