Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1940

14.3. rår universitets- og fagskulenemnda i Stortinget samrøystes til å løyve inntil 10 000 kroner til eldfast bygg i Aasen-tunet (sjå 19381939 og 1946). Føresetnaden er at dette er ei eingongsløyving, ”at overstiging ikkje kjem staten ved og at staten ikkje med vedtaket bind seg til årlege tilskott til drifta” (sjå 1995). Stortinget rekk ikkje å handsame komitéinnstillinga før den tyske okkupasjonen.

5.10. står første teikneseriestripa med Vangsgutane på prent i Nynorsk Vekeblad, fortald av Leif Halse og teikna av Jens R. Nilssen (sjå 1923, 1941).

Ruth Alvsen debuterer med barneboka På alle fire hos Øens Prenteverk i Førde. 

Fonna Forlag L/L blir skipa med Hans Aarnes som første formannen, og gjer særleg mykje for å spreie populært lesestoff (sjå 1933, 1934).


Sist oppdatert: 16.06.2020