Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1941

24.3. kjem første nummeret av Nordmannen ut i Oslo med Conrad Rossgaard som redaktør, utgitt av Nasjonal Samling. Siste nummeret kjem 30.1.1942.

5.7. står første teikneseriestripa med «Ingeniør Knut Berg på eventyr i Austerland» på prent i Nynorsk Vekeblad, teikna av Jostein Øvrelid (pseudonym Ronald Stone) og fortald av Hallvard Sandnes (pseudonym Vigleik Vikli). Serien går til 1954, då bladet går inn.

19.9. debuterer Jan-Magnus Bruheim med diktsamlinga Stengd dør på H. Aschehoug & Co. 

11.10. held Noregs Mållag siste styremøtet sitt under den tyske okkupasjonen.

21.10. lanserer Fonna Forlag første juleheftet av Vangsgutane, fortald av Leif Halse og teikna av Jens R. Nilssen (sjå 1923, 1940). Bergens Tidende melder 3.12.1941 at juleheftet er utselt frå forlaget. Med unntak av 1944 og 1963 har bladet sidan kome kvart år.

23.10. debuterer Alfred Hauge med romanen Septemberfrost på Ansgar Forlag. Same dagen debuterer Johannes Heggland med romanen Folk under fjell på Noregs Boklag, og Bjarne Rabben med forteljinga I Skarvågen på Norsk Bokreidingslag. 

26.11. kunngjer sjef for Kultur- og Folkeopplysningsdepartementet Gulbrand Lunde at ei ny rettskriving skal gjelde frå 1.1.1942. Former som hagehøgfjelllauvvatn blir obligatoriske. For vekeblad og aviser utgitt utanfor Oslo gjeld rettskrivinga frå 1.3., og for filmtekstar frå 1.9.1942.

29.11. gir Norsk Barneblads Forlag ut første juleheftet av Smørbukk (sjå 1938). Med unntak av 1944 har Smørbukk-julehefta kome med nyteikna serie kvart år sidan.

2.12. debuterer Gudmund Brede med diktsamlinga Vers på eige forlag i Narvik. 


Sist oppdatert: 16.06.2020