Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1959

3.4. fastset regjeringa Gerhardsen den nye læreboknormalen i kongeleg resolusjon (sjå 1958). Reglane blir tekne i bruk i skulen frå 1.8.
 
3.4. gir Studentmållaget i Oslo ut første nummeret av avisa Apropos med Erling Lægreid som redaktør. Lars S. Vikør er redaktør då siste nummer kjem ut i 1972.
 
5.4. blir Landslaget for språklig samling skipa med Arne Kielland som første formannen.
 
25.5. vedtek Stortinget dei første retningslinjene for munnleg tale i NRK (sjå 1995, 2009).
 
Ola Jonsmoen debuterer med diktsamlinga Dagen, vinden og hjartet på Noregs Boklag.


Sist oppdatert: 01.01.2012