Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1961

22.4. prentar Aftenposten i veketillegget sitt det ukjende diktet «Voni» av Ivar Aasen. Han har datert diktet 12.6.1891 og har skrive det som helsing i ei minnebok for Ingeborg Alsaker-Nøstdahl, f. Digernes i Ørsta (sjå 2009).
2.6. kjem første nummeret av Strilen ut på Isdalstø med Mons J. Risa som redaktør.
 
3.8. blir Noregs Elev- og Studentmållag skipa med Eirik Aksel Larsen som første formann. Organisasjonen skiftar namn til Norsk Målungdom i 1972.
 
Hartvig Kiran samlar sine omsetjingar av amerikanske viser i Tom Duley og andre viser. Boka blir svært viktig for dei visemiljøa som dukkar opp i Oslo og kring studentrevyar seinare i 1960-åra, og fornorskar visetradisjonen.


Sist oppdatert: 28.08.2014