Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1966

23.3. legg Vogt-komiteen fram si tilråding for Kyrkje- og undervisningsdepartementet om den språkpolitiske situasjonen og norsk språkpolitikk frametter.  

14.10. omtalar Eiliv Eide i Bergens Tidende dei to debutbøkene til Tor Obrestad – diktsamlinga Kollisjon og novellesamlinga Vind. Begge debutbøkene kjem ut på Gyldendal Norsk Forlag.

26.10. debuterer Oskar Stein Bjørlykke med diktsamlinga Deg høyrer dagen til på Det Norske Samlaget.

28.10. kjem første nummeret av Sygnabladet ut i Sogndal med Per Hilleren som redaktør. Siste nummeret kjem 16.6.1967.

I november sender NRK Fjernsynet Åpen post for første gong, med Per Øyvind Heradstveit som ein av programleiarane.

17.11. sender NRK Fjernsynet Åpen post for første gong. Kjell Arnljot Wig er programleiar, medan Per Øyvind Heradstveit ifølgje førehandsomtalen har fått rolla som «sjefsartillerist» etter fleire såkalla revolverintervju.

6.12. annonserer Det Norske Samlaget at band I av Norsk Ordbok ligg føre komplett. Eit dobbelthefte på 320 sider fullfører bandet, som dekkjer A–doktrinær. Hovudredaktør er Alf Hellevik, og bandet er redigert av Olav T. Beito, Nils Halland, Alf Hellevik og Gunnar Pedersen. Dette blir «den største og mest utførlege ordboka vi nokon gong har fått på norsk», skriv forlaget i ei pressemelding. Verket er planlagt til åtte–ni band og vil utgjere om lag 7000 sider. Den første større meldinga er ein dobbelkronikk av Oddvar Nes i Bergens Tidende 27.12. og 28.12.1966.

Band I av Norsk Ordbok, A – doktrinær, blir utgitt av Det Norske Samlaget. Hovudredaktør er Alf Hellevik, og bandet er redigert av Olav T. Beito, Nils Halland, Alf Hellevik og Gunnar Pedersen.


Sist oppdatert: 06.08.2020