Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1968

21.1. høgtidar Vestmannalaget 100-årsjubileum i Håkonshallen i Bergen.

Om våren gir Studentmållaget i Bergen ut første nummer av avisa Vestlandsfa’n.

24.3. er kong Olav 5 gjest når Det Norske Samlaget feirar 100-årsjubileet i Universitetsaulaen i Oslo. 

3.4. har Det Norske Teatret premiere på Spelemann på taket med Lasse Kolstad og Sølvi Wang i hovudrollene. 335 framsyningar seinare har 156 708 menneske kjøpt billett. Verken før eller seinare har fleire sett eit teaterstykke på nynorsk.

6.9. omtalar Odd Solumsmoen debutboka Dørklinker av Rolf Sagen i Arbeiderbladet. 21.11. legg regjeringa Borten fram St.meld. nr. 15 (1968–69) Om språksaka, som byggjer på innstillinga frå Vogt-komiteen (sjå 196419661970).  

3.10. debuterer Kjartan Fløgstad med diktsamlinga Valfart på Det Norske Samlaget.

22.11. debuterer Eldrid Lunden med diktsamlinga f.eks. juli på Det Norske Samlaget.



Sist oppdatert: 06.08.2020