Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1970

5.1. sender Nynorsk Pressekontor ut dei første meldingane sine til om lag 40 aviser (sjå 1969). Meldingane er notisar omsette frå NTB – Reuter. Den første av dei fortel at president Richard Nixon laurdag 3.1. reiste til Bob Hope i Hollywood. Presidenten ville ha førstehands rapport frå Vietnam, der Hope i julehelga gav underhaldningsprogram for amerikanske soldatar. Presidenten sa etterpå at Hope hadde heva moralen til soldatane. Nynorsk Pressekontor sender i førstninga ut meldingar to gonger i veka.

23.1. kjem første nummeret av Synste Møre ut på Fiskå med Per G. Osnes som redaktør.

20.4. legg kyrkje- og undervisningskomiteen i Stortinget fram si innstilling om St.meld. 15 (1968–69) om språksaka. Fleirtalet – alle parti utanom Høgre – meiner at ”hovedregelen må være å gi nynorsken en plass som i det minste svarer til en fjerdedel av ordsendingene” i NRK. Stortinget drøftar innstillinga 20.5. (sjå 196419661995).

30.7. lir høgnorsktilhengjarane nederlag på landsmøtet i Noregs Mållag og bryt ut av laget.

9.10. gir Det Norske Samlaget ut Nynorsk grammatikk av Olav T. Beito.

13.10. debuterer Arild Stubhaug med diktsamlinga Utkantane på Det Norske Samlaget.

5.11. debuterer Åse-Marie Nesse med diktsamlinga Av hav er du komen på Det Norske Samlaget.

Prøvedrift blir sett i gang ved Møre og Romsdal distriktshøgskule i Volda.


Sist oppdatert: 06.08.2020