Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1972

1.2. konstituerer Norsk språkråd seg med Johs. Aanderaa som første formann (sjå 19712003).   

6.3. blir Norsk Bokreidingslag LL skipa opp att.

24.5. er det styremøte i Det Norske Samlaget. Der legg forlagssjef Johs. Aanderaa fram sju konsulentfråsegner om manuskriptet «Kom og sjå meg leva» av pseudonymet Rune Lie. Det er tenkt som barnebok, inneheld opne hetero- og homoseksuelle skildringar, og forlagssjefen set stillinga si inn på ei fullmakt frå styret til å arbeide vidare med manuskriptet for utgiving. I eit ekstra styremøte 26.5. vil styreformann Sigmund Skard gå av, men han kjem til at det er meir som samlar enn som skil mellom forlagssjefen og han. Den 3.10. melder fleire aviser at pseudonymet Rasmus Lie gir ut barneboka Lita grøn grasbok på Det Norske Samlaget. Debatten om boka skyt ny fart då Norsk kulturråd avslår å gi støtte til utgivinga. Mange år seinare blir det kjent at forfattaren bak pseudonymet er Hans Sande (sjå 1969).

8.6. kjem første prøvenummeret av Bygdebladet ut på Sjøholt med Kjell Opsal som redaktør.

28.8. opnar Rauland Folkehøgskule og Akademi med 48 studentar. Emnet for dette første vinterkurset er økologi, naturvern og lokalsamfunn, men skulen tilbyd også undervisning i filosofi, logikk og psykologi. Nybygg er under oppføring, og kurset blir halde på Rauland Fjellstoge (sjå 1963, 1969, 1973).

7.9. sender NRK TV det første av fem program i serien «Leikestove» med Øyvind Holsvik og Guri Sem som programleiarar. Serien held fram med fem nye program frå 12.10.1973, no med Eva Solbakken og Asbjørn Tryggestad som programleiarar. Dette er første gongen nynorsk er brukt i Barne-TV utanom teksting av Familien Flint.

14.9. debuterer Sigbjørn Heie med diktsamlinga Bilete på Gyldendal Norsk Forlag.

26.9. debuterer Erling Indreeide med diktsamlinga Trakter på Gyldendal Norsk Forlag.

24.10. debuterer Arvid Hanssen med barneboka Han Johannes og eg på Norsk Barneblads Forlag. Boka er illustrert av Solveig Muren Sanden.

Norsk Målungdom (sjå 1961) gir ut første nummer av bladet Målfront, som under skiftande namn (FolkemålEg) og med vekslande utgivingsfrekvens frå 1997 kjem bladet ut under namnet Motmæle.


Sist oppdatert: 06.08.2020