Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1973

7.1. kjem første nummeret av Kvinnheringen ut på Husnes med Torfinn Myklebust som redaktør.
16.1. er nynorskbrukaren Øyvind Holsvik den første mannlege programverten i NRK TV.
 
7.4. opnar nærradiostasjonen Radio Volda sendingane sine, til tonane frå ”Dei gamle fjell i syningom”. NRK blir med på eit samarbeid, men i 1977 er det slutt for Radio Volda.
 
13.4. går redaktør Per Håland i eit innlegg i Dag og Tid inn for at Stortinget vedtek «at t.d. halve pressestønaden skal gjevast til nynorsk, resten til bokmål» (sjå 1969, 2002, 2009).
 
25.5. vedtek Odelstinget med 44 mot 40 røyster at norsk ”til vanleg” skal vere eit obligatorisk fag i allmennlærarutdanninga, men at studentane har høve til å byte med eit anna fag (sjå 1979).
 
5.8. går landsmøtet i Noregs Mållag inn for at «statsløyvingane til pressa blir meir rettvist fordelte mellom målgruppene» (sjå 1969, 2002, 2009). På leiarplass i Dag og Tid skriv Tor Gabrielsen at eit slikt krav om språkkvotering i pressa «smakar for mykje av surmaga målmannspedant».
 
30.8. kjem første nummeret av Bømlo-Nytt ut på Finnås med Else-Marie Ovesen som utgivar og redaktør.
13.11. kjem første nummeret av Vest-Telemark Blad ut på Kviteseid med Tore Skaug som redaktør.
 
Raulands Folkehøgskule og Akademi blir opna. Helge Ytrehus er første rektoren. Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag og Norsk Folkehøgskulelag står bak tiltaket.
 
Per Olav Kaldestad debuterer med diktsamlinga Kikkert på Det Norske Samlaget.
 
Den første boka i lettles-serien Sirius med bøker for lesesvake kjem ut på Samlaget.
 
Studentmållaget i Oslo gir ut bladet Fram (sjå 1959) med Ola Normann Nedrelid som redaktør. Bladet går inn ut på 1980-talet.
 
Fleire norske aviser prentar dei første stripene av den amerikanske teikneserien Hårek, omsett til nynorsk av Gard Espeland. Med åra er dette den serien som går i flest norske aviser.

Først publisert: 22.10.2009
Sist oppdatert: 28.08.2014