Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1974

7.1. blir Løvebakken Mållag skipa med Bergfrid Fjose som første formann.
 
20.5. vedtek Odelstinget med 112 mot 3 røyster i lov om vidaregåande opplæring at alle lærebøker og læremiddel i andre fag enn norsk skal liggje føre på begge målformer til same tid og til same pris. Lagtinget sluttar seg samrøystes til 27.5. (sjå 1997). Med denne lova tek det arbeidet til som no har ført til at over 95 % av kvart årskull tek vidaregåande skule, og som inneber at halvparten av kvart årskull får skriftleg opplæring i nynorsk.
 
8.9. kjem første nummeret av Sunnhordland Avis ut på Husnes med Kjartan Wang Olsen som redaktør. Avisa går inn i 1978.
4.10. kjem første nummeret av Nordhordland ut på Isdalstø med Terje Vetås som redaktør.


Sist oppdatert: 28.08.2014