Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1975

25.1. kjem første nummeret av Setesdølen ut på Bygland med Helge Arild Bolstad som redaktør.

17.2. opnar Norsk Målungdom den første landsomfattande dialektaksjonen, som varer til 22.2.

4.3. vedtek Stortinget med 71 mot 49 røyster ein tiårsplan for utbygging av distriktskontor for NRK i alle fylka, men røystar ned forslag om prøvedrift med nærkringkasting. Kringkastingsringen har arbeidd for desse sakene i fleire år.

2.8. vedtek landsmøtet i Noregs Mållag i Mosjøen å prioritere arbeidet for nynorsk skulemål og for dialektbruk.

15.8. kjem første nummeret av Ny Tid ut i Oslo med Audgunn Oltedal som redaktør. Frå 1979 blir avisa redigert på bokmål.

11.9. seier journalistane Andreas Hompland og Erling Ramnefjell i Dagbladet til Norsk Tidend at dei gjerne vil skrive meir nynorsk i avisa. «Eg har aldri forstått det slik at journalistar i avisa vår har ynskt å nytte meir nynorsk», svarar redaktør Arve Solstad (sjå 2005).

16.10. debuterer Ingvar Moe med diktsamlinga Løktastolpefrø på dialekt på Det Norske Samlaget.

22.10. takkar Namsos-gruppa Prudence med LP-plata Takk te dokk og tekstar på trønderdialekt som gruppa framfører på ein stor noregsturné dei neste vekene. Gruppa har frå 1970 gitt ut seks singlar og tre LP-plater på engelsk. Vokalisten heiter Åge Aleksandersen.

23.10. presenterer Det Norske Bibelselskaps Forlag ei ny omsetjing til nynorsk av Det nye testamentet, under leiing av Olav Farestveit og med Jarle Bondevik som språkkonsulent. To andre sentrale medarbeidarar har vore Ole Øverland Gjerde og Per Juvkam. Ei tilsvarande ny omsetjing til bokmål har vore i sal sidan februar (sjå 1921, 1978, 2011).

5.11. overleverer lektor Torkel Magnusdal og elevar frå Oddernes gymnas 25 000 underskrifter mot obligatorisk skriftleg sidemålsundervisning til stortingspresident Guttorm Hansen. Aksjonen er sett i gang av Oslo-skolenes Riksmålsforening.

15.12. kjem første nummer av Tysvær Bygdeblad ut. Det første året er styret redaksjon- I 1976 blir Lars Olav Tunbø tilsett som redaktør, og avisa kjem ut to gonger i månaden. Seinare blir avisa redaksjonelt tospråkleg.

Om hausten blir L/L Nynorsk Bladdrift skipa av Kringkastingsringen, Nynorsk Dagblad og Dag og Tid. Det nye selskapet tek over utgivinga av Norsk Tidend 1976–81.



Sist oppdatert: 06.08.2020