Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1976

5.5. går Strandbuen på Jørpeland formelt over til å bli redigert på nynorsk etter ein del bruk av nynorsk frå og med skipinga i 1964. Frå 1984 er avisa redigert tospråkleg.

7.8. vedtek landsmøtet i Noregs Mållag i Rauland slagordet ”Tal dialekt – skriv nynorsk” og eit nytt prinsipprogram. NMU-aksjonen frå året før blir no eit årleg fellestiltak til utpå 1980-talet. (sjå 1975).

8.10. blir Målpolitisk råd ved Det Norske Teatret skipa.

22.10. kjem første nummeret av Suldalsposten ut på Sand i Ryfylke med Sigmund Olsnes som redaktør.

25.11. omtalar Sissel Lange-Nielsen novellesamlinga Kringsett av fiendar, som Åsmund Forfang debuterer på nynorsk med på Gyldendal Norsk Forlag. Han debuterte på bokmål i 1972.

25.11. debuterer Ivar Medaas med visesamlinga Dar kjem dampen og andre viser på Noregs Boklag. Boka er illustrert av Ellen Auensen. 

6.12. kjem første nummeret av Samningen ut i Samnanger med Svein Oldervoll Aadland som redaktør.


Sist oppdatert: 06.08.2020