Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1978

19.2. får Kjartan Fløgstad Nordisk Råds litteraturpris for romanen Dalen Portland, utgitt på Det Norske Samlaget året før. Fløgstad gir prisen til skulemålsarbeidet i Noregs Mållag (sjå 1988 og 2015).


2.3. gjer redaktør Jostein Pedersen avisa Valdres til ei avis som er redigert på begge målformer. Avisa hadde då vore utgitt sidan 1903, redigert på riksmål.
1.11. kjem første nummeret av Dølaposten på Otta ut med Jon Vegard Lunde som redaktør. Avisa gir ut sitt siste nummer 25.8.1982.
Heile Bibelen ligg føre i ny omsetjing til nynorsk frå Det Norske Bibelselskap. Olav Farestveit har hatt hovudansvaret for Det gamle testamentet, Ole Øverland Gjerde for Det nye (sjå 1975).
Gruppa Stavangerensemblet med vokalisten Frode Rønli gjer furore med sin siddisrock.
Band II av Norsk Ordbok, dokument – flusken, blir gitt ut av Det Norske Samlaget. Hovudredaktør: Alf Hellevik, og bandet er redigert av Andreas Bjørkum, Reidar Bø, Arnold Dalen, Arnbjørg Hageberg, Alf Hellevik, Laurits Killingbergtrø, Sigurd Nordlie og Gunnar Pedersen.


Sist oppdatert: 05.01.2016