Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1979

15.3. vedtek Odelstinget med 67 mot 15 røyster at norsk skal vere eit obligatorisk fag i allmennlærarutdanninga.
 
28.11. kjem første nummeret av Storfjordnytt ut i Norddal med Terje Linge som redaktør.
 
Rune Belsvik debuterer med ungdomsboka ... ingen drittunge lenger ... på J.W. Cappelens Forlag. Framsidebilete til boka ?..Ingen drittunge lenger..? av Rune Belsvik
 
Ragnar Hovland debuterer med romanen Alltid fleire dagar på Det Norske Samlaget.
 
Torvald Sund debuterer med diktsamlinga Dugnadstid (Arbeiderns Forlag) og barneboka Haustsommar i regnfjellet (Rune Forlag).
 
Lars Amund Vaage debuterer med Øvelse Kald vinter (Forlaget Oktober).
 
Lagsbrukssamskipnaden blir skipa. I 1997 blir namnet endra til Norske Lagsbruk.


Sist oppdatert: 28.08.2014