Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1980

1.1. tek Sogn og Fjordane fylke og Førde kommune over drifta av Sogn og Fjordane Teater, med Anne Gullestad som første teatersjefen.
 
28.2. vedtek Odelstinget samrøystes ny lov om målbruk i offentleg teneste (sjå 1930 og 1988).
 
10.3. kjem første nummeret av Avis 1980 ut i Oslo med Tor Gabrielsen som redaktør. Målet er å nå 10 000 tingarar innan utgangen av året. Avisa går inn etter sju nummer same året.
 
Eit nytt pass med tekst på både nynorsk og bokmål blir teke i bruk (sjå 1952).
 
Idar Lind debuterer med visesamlinga Bakfot bok.
 
Karin Moe debuterer med samlinga Kjønnsskrift på Aschehoug.
 
Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag kjøper Noregs Boklag frå BUL Oslo (sjå 1985).
 
I august 1980 blir det på Stranda og i Tromsø sett i gang forsøksklassar med den første skriftmålsopplæringa på dialekt, under fagleg leiing frå Tove Bull i Tromsø. Året etter kjem det til to slike klassar.


Sist oppdatert: 28.08.2014