Innhald
Eit språk blir til: 1984
19.6. gir Hjemmet ut det første Donald Duck-albumet med nynorsk tekst, Regnguden frå Uxmal, omsett av Rolf Kirknes. Fram til 1991 kjem det sju slike album (sjå 2015).
29.6. godkjenner regjeringa i kongeleg resolusjon Norsk Salmebok til bruk i dei kyrkjelydane som gjer vedtak om det. Verbum Forlag gir ut boka i 1985.
Eva Jensen debuterer med Dikt og tekstar på Det Norske Samlaget.
Sist oppdatert: 07.08.2020