Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1988

15.2. har Hordaland Teater premiere på første stykket sitt, Kikki Klovn av Jan Erik Christensen (sjå 1985).

11.3. vedtok Odelstinget nokre mindre endringar i lov om målbruk i offentleg teneste (sjå 1980).

26.5. opnar fylkesordførar Ole Dramdal Hordaland Teater under De internasjonale festspillene i Bergen. Opningsframsyninga er Eingong var ingenting av Tone Ringen (sjå 1985).

15.12. annonserer Nynorsk Antikvariat i Dag og Tid etter bøker å kjøpe. Det nyskipa antikvariatet sender ut første katalogen i juni 1989. Selskapet er skipa og blir drive av Arne-Ivar Kjerland og Kjell Arve Straumsvåg. 


Sist oppdatert: 06.08.2020