Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1994

10.3. blir eit brev sendt til statsministeren med framlegg om ei hundreårsmarkering for Ivar Aasen i 1996. Brevet er signert av 36 personar og det er Det Norske Samlaget som har teke initiativet (sjå 19951996).
 
I august går Kodak i gang med å lage faksimilar av kvar einskild setel i setelarkivet til Norsk Ordbok (sjå 1992). Heile arkivet var ferdigfilma i 1995. Det året arbeider om lag 80 personar  på halv tid i Mo i Rana med å merkje faksimilane med oppslag og kjelde.
 
8.9. løyver Kulturdepartementet ved Åse Kleveland midlar til forprosjekt for Ivar Aasen-året 1996.

8.9. debuterer Jørgen Norheim med romanen Liten svein i bærskog ut på Det Norske Samlaget.

11.9. debuterer Åsmund Bjørnstad med diktsamlinga Innlandskap på Det Norske Samlaget. 

Band III av Norsk Ordbok, flusker – gigla, blir gitt ut av Det Norske Samlaget. Bandet er redigert av Reidar Bø, Arnbjørg Hageberg, Laurits Killingbergtrø, Sigurd Nordlie og Gunnar Pedersen.


Sist oppdatert: 06.08.2020