Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1996

5.1. opnar statsråd Åse Kleveland Ivar Aasen-året 1996 på Café Engebret i Oslo. 1030 arrangement blir gjennomførte i 164 kommunar i alle fylka i samband med denne markeringa av hundreårsminnet for Ivar Aasens død. 700 000 ser to fjernsynsprogram om Ivar Aasen på NRK. Samla kostnader er 6,2 mill kr.

8.2. kunngjer statsråd Åse Kleveland på Kulturdepartementets konferanse «En nasjonal arkitekturpolitikk» i Oslo at Sverre Fehn har fått i æresoppdrag å teikne Ivar Aasen-tunet.

29.2. vedtek Volda kommunestyre med 18 mot 15 røyster etter to prøverøystingar  å løyve dei planlagde midlane til bygging av Aasen-tunet. Arbeidarpartiet er einaste partiet som røystar samla mot.

4.3. vedtek Ørsta kommunestyre med 34 mot 5 røyster å løyve dei planlagde midlane til bygging av Aasen-tunet.

15.5. legg ein anonym aksjonskomité ut underskriftslister mot planane om Aasen-tunet på butikkar i Ørsta og Volda. Få dagar etter svarar ein ja-aksjon. 28.5. overleverer nei-aksjonen 900 underskrifter frå Volda og 600 i Ørsta.

1.6. kjem siste nummeret av Gula Tidend ut (sjå 19041905).

23.6. opnar statsråd Åse Kleveland Den norske bokbyen i Fjærland.

17.4. vedtek Møre og Romsdal fylkesting med 49 mot 8 røyster å løyve dei planlagde midlane til bygging av Aasen-tunet.

12.9. presenterer Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda første nummeret i serien «Skrifter frå Ivar Aasen-instituttet»: Det norske Folkesprogs Grammatik av Ivar Aasen, ny utgåve ved Terje Aarset.

15.9. legg statsråd Åse Kleveland ned grunnsteinen til nybygget i Ivar Aasen-tunet på Aasen-stemnet under Dei nynorske festspela.

25.9. debuterer Kjartan Hatløy med diktsamlinga Solreven på Oktober Forlag.

16.10. publiserer Magasinett dei første tekstane i det nye nettidsskriftet for elevar og lærarar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen. Utgivar er i førstninga Noregs Mållag, og fram til årsskiftet 1997/98 er Vidar Høviskeland og Gerhard Stoltz redaktørar.

7.11. debuterer Arnfinn Kolerud med barneboka Berre ikkje brøyteplogen kjem på Det Norske Samlaget, illustrert av Arne Roar Land.

11.11. publiserer Idar Lind første kapittelet av kriminalromanen Hysj på Internett. Kvar veke kjem eit nytt kapittel i det som er den første skjønnlitterære e-boka i Noreg. Boka blir samstundes utgitt på papir av Det Norske Samlaget under pseudonymet Telma B.S. Hansen og António Steen (sjå 1980).

14.–16.11. blir The International Ivar Aasen Conference arrangert i Oslo. Foredraga blir gitt ut som rapport i Ivar Aasen-instituttets skriftserie 1997.

15.11. godkjenner Kyrkjerådet Salmer 1997 som liturgisk forsøk til bruk i dei kyrkjelydane som gjer vedtak om det. Boka blir brukt som tillegg til Norsk Salmebok (sjå 1984).

12.12. annonserer Dag og Tid for Ivar Aasen-almanakken 1997, redigert av Dagfinn Worren. Almanakken kom årvisst fram til og med siste utgåva for 2011.

Arnfinn Kolerud debuterer med barneboka Berre ikkje brøyteplogen kjem … på Det Norske Samlaget.


Sist oppdatert: 06.08.2020