Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1998

23.4. ligg Nynorsk faktabok 1998 av Ottar Grepstad føre (sjå 20052010).

24.–26.4. blir Norsk kulturhelg for første gong arrangert i Oslo.

9.6. kjem første nummeret av Ytre Sogn Avis ut i Høyanger med Rune Sviggum som redaktør.

27.8. debuterer Olaug Nilssen med romanen Innestengt i udyr på Det Norske Samlaget.

I august debuterer Gunnhild Øyehaug med diktsamlinga Slaven av blåbæret på Det Norske Samlaget.

13.10. legg Einar Schibevaag fram forprosjekt for Garborg-året 2001 etter eit initiativ frå Time, Asker, Oslo og Tynset kommune to år tidlegare (sjå 2001).

6.10. debuterer Mona Høvring med diktsamlinga IIK! Ein dialog på Gyldendal Norsk Forlag.


Sist oppdatert: 06.08.2020