Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1999

4.1. kårar Dagbladet Odd Nordstoga til det nye rocketalentet i 1998 (sjå 2004).
 
5.2. blir Ottar Grepstad tilsett som direktør i Nynorsk kultursentrum.
 
23.2. legg Ottar Grepstad fram for Det Norske Samlaget det første notatet om eit allment digitalt leksikon på nynorsk etter samtalar med Audun Heskestad og Sverre Tusvik. Det Norske Samlaget har til då omtalt eit slikt mogleg prosjekt i sine søknader om statstilskot sidan tidleg i 1990-åra. Frå no av tek begge institusjonane prosjektet med i sine søknader om statstilskot (sjå 2001, 2002, 2005, 2006, 2007, 2008, 2009, 2010).
 
11.3. blir Stiftinga Garborg-året 2001 skipa i Oslo. Stiftinga skal arrangere eit nasjonalt jubileumsår i høve 150-årsjubileet for Arne Garborg og for Hulda Garborg. Dei tre hovudstiftarane er Time, Asker og Tynset kommune. 21 medstiftarar er også med. Dagleg leiar frå 1.8.1999 er Trond Lie. Stiftinga blir lagd ned 7.3.2002 (sjå 2001).
 
3.6. har representantar for Nynorsk Forum møte med statsråd Lars Sponheim i Nærings- og handelsdepartementet om å bruke statlege innkjøpsreglar for å få fram nynorskversjonar av dei mest brukte dataprogramma. Saka var første gongen drøfta i Nynorsk Forum i april 1998 (sjå 2003). 
 
17.12. legg regjeringa Stoltenberg fram St.meld. nr. 22 (1999–2000) Kjelder til kunnskap og oppleving, som m.a. går inn for å fullføre Norsk Ordbok innan 2014. Stortinget sluttar seg til dette på grunnlag av Innst. S. nr. 46 (2000–2001) av 24.11.2000.
 
Som den siste avisa i landet sluttar Fredriksstad Blad no å omsetje lesarbrev på nynorsk til bokmål.


Sist oppdatert: 18.08.2017